Piggtråd og dyrevelferd i beite

Innimellom får kommunen melding om dyr som har hengt seg opp i gammalt gjerde, gjerne med piggtråd. Det hender og at dyr «surrar seg fast» i elektrisk nettinggjerde, og hjortegjerde. Det er både husdyr og ville dyr som er utsett.

Gamle piggtrådgjerde må fjernast dersom dei kan føre til skade på dyr og menneske. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

 Felles Landbrukskontor ÅLA minner om at

  • Det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr
  • Ved vedlikehald av eldre gjerde skal det ikkje nyttast piggtråd
  • Eldre piggtrådgjerde som openbert er farlege for dyr, har grunneigarane ansvar for å fjerne
     

Me veit at det er mange gamle gjerder, med og utan piggtråd, rundt om i bygdene våre. Det er ikkje lett å rydde opp «gamle synder», gjerne frå tidlegare eigarar. Likevel er det grunneigarane sitt ansvar å fjerne gamle piggtrådgjerder. Det er og viktig at dyreeigar sjekka områda husdyra går i, for å kartlegge eventuelle farar.

Kommunen har støtta mange ryddeprosjekt med SMIL-midlar. Det er framleis høve til å søkje om støtte frå denne ordninga. Søknadsfrist er 15.april. Søknadsskjemaet finn du her: Tilskotsordningar - Lærdal kommune. Innsamla gjerde kan leverast til gjenvinning, og det finst også lokale firma som kjøper opp metall.

Det er Mattilsynet som forvaltar regelverket etter dyrevelferdslova, og som tek imot klager på ulovlege piggtrådgjerde.