Oransje farevarsel for jord- og flaumskred

Det er varsel om kraftig nedbør i helga og folk bør ta forholdsreglar.

Kartet syner kvar det er oransje farevarsel for jord- og flaumskred - Klikk for stort bileteKartet syner kvar det er oransje farevarsel for jord- og flaumskred

NVE har sendt ut oransje farevarsel for jord- og flaumskred for store delar av Vestland. Det er venta kraftig nedbør frå laurdag morgon 19. september og fram til søndag 20. september.

Sjå vêrvarselet på Yr for Lærdalsøyri ved å klikka på denne lenkja - her kan du også sjå dei ulike farevarsla

Den kraftige nedbøren kan føra til auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred. Faren er særleg stor i og nær bratte skråningar, bekkar og elveløp, og andre område der det samlar seg mykje vatn.

Me oppmodar alle om å vera ekstra varsame gjennom helga og halda god avstand til elvar, bekkar og område der det kan vera fare for skred. Faren er venta å minka i løpet av søndag.