Nasjonalt villakssenter
Ole Ramshus Sælthun
Sogn kunstsenter og Nasjonalt villakssenter
I sommar kan du med ein fellesbillett oppleve utstillinga i villakssenteret og ei gripande Gjesme-utstilling i Sogn kunstsenter. I Villakssenteret kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre. I kunstsenteret kan du sjå utstillinga Gal og genial? med måleri og teikningar frå Hans Gjesme sine 16 år som tvangsinnlagt på Gaustad sjukehus. Det er omvising i utstillinga kvar tysdag, og torsdag fram til 21. august.
Du kan i tillegg nyte god mat i Laksen bakeri og kafé, prøve deg på aktivitetsbordet i Kunstfoajeen eller boltre deg i leikekroken.
Opningstider 2025: 15. juni - 15. august kl. 10-20 kvar dag. Frå 16. august - 1. september kl. 10-18 kvar dag.
Telegrafen
Ole Ramshus Sælthun
Telegraf- og telehistoria i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. Norsk Telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Maihaugen folkemuseum på Lillehammer er ansvarleg for ei interessant posthistorisk utstilling i same lokale.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”.
I andre etasje kan du sjå den historiske utvandrarutstillinga som er sett opp av Lærdal historielag. I resepsjonen er det mogeleg å få kjøpt historiske hefter og blad, i tillegg til bygdebøkene frå Lærdal.
Opningstider 2025: 1. juli - 2. august kl. 11-16, tysdag - laurdag.
Lesekiosk
Ved Telegrafen er det plassert ein telefonkiosk som er gjort om til eit minibibliotek. Her kan kven som helst ta ei bok, eller sett inn ei bok dei ikkje treng lenger. Kiosken er drifta av Lærdal folkebibliotek og er open døgnet rundt, året rundt.
BUA/utstyrssentral
Hjå Bua Lærdal kan du låne friluftsutstyr, leiker og anna moro som du kan bruke i ferien. Her kan du låne alt frå SUP-brett og frisbee til fjellsko og hengekøye. Vil du på fisketur, kan du også få låne alt du trenger til det. BUA er lokalisert saman med Brukthjørna og har ope tysdagar og torsdagar kl. 14-16. Oversikt over utstyr som kan lånast og reservering av dette kan du gjere på nettsida deira.
Dagsturhytta
Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge.
Tilkomst og parkering: Ta av frå rv. 5 mot sentrum og ta av til Lærdal Grønt. Her vi du finne ein opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gå gangvegen vidare under brua og følg vegen over brua for å finne stistart.
Stien til hytta: Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Rett før tunnellopninga til Fodnestunellen er det ei grind og det er merka sti til Mjølkeflathytta.