Opningstider ved legekontoret i jul- og nyttårshelga 2025.

Lærdal helsesenter har redusert drift frå og med 24. desember til og med 2. januar. 

Inngangspartiet til Lærdal helsesenter - Klikk for stort bileteInngangspartiet til Lærdal helsesenter Ole Ramshus Sælthun

I denne perioden tek legekontoret imot øyeblikkeleg hjelp, men det vert ikkje sett opp vanlege timar før etter 02.01, grunna redusert bemanning.

Legekontoret held stengt både jul- og nyttårsaftan. Pasientar som treng legehjelp og ikkje kan venta, må kontakta:

  • Legevakt: 116 117
  • Akuttmedisinsk nødhjelp (AMK): 113

Opningstider i perioden:

  • 24-26.12: Stengt
  • 29-30.12: 08.00-15.30 (kun øyeblikkeleg hjelp)
  • 31.12-01.01: Stengt
  • 02.01: 08.00-15.30 (kun øyeblikkeleg hjelp)

Me oppmodar til at du fornyar reseptar i god tid. Bruk gjerne Helsenorge til å bestille faste medisinar, men merk at det kan ta 1-2 virkedagar før medisinen kan hentast på apoteket.

Med ynskje om ei riktig god jul og eit godt nytt år!