Røyrsnes rasteplass
Statens Vegvesen
Rasteplassen er ein del av Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, Snøvegen mellom fjordane, og markerer ei viktig satsing på både arkitektur, landskapstilpassing og opplevingar langs turistvegen.
Opningsarrangementet finn stad ved rasteplassen på Røyrnes og er ope for inviterte gjester, samarbeidspartnarar og andre interesserte.
Program:
- Kulturelt innslag ved Lærdal kulturskule
- Velkomen ved Silje Myhre Amundsen, Statens vegvesen
- Arkitekturen ved Jan Olav Jensen, Jensen & Skodvin Arkitektkontor AS
- Byggeprosessen ved Ola Ulvolden, Brun Bygg AS
- Reiselivet ved Norway's Best AS
- Helsingsord frå ordførar Audun Mo, Lærdal kommune
- Offisiell opning ved Ove Myrvåg, direktør ØKV, Statens vegvesen
- Servering ved Norway's Best AS
Statens vegvesen med samarbeidspartnarar ønskjer velkomen til ei markering av eit nytt tilskot til Nasjonale turistvegar og eit viktig bidrag til opplevinga av Aurlandsfjellet og fjordlandskapet.
Tid: Tysdag 20. oktober 2026 kl. 15.30
Stad: Røyrnes rasteplass, Lærdal