Illustrasjonsfoto av Lærdalsøyri - Klikk for stort bilete Illustrasjonsfoto av Lærdalsøyri Ole Ramshus Sælthun

Nytt tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Du kan få tilskot frå Husbanken til å gjera bustaden din meir aldersvennleg. Søknadsfristen i 2026 er 30.oktober.

Målet er at du skal kunna bu heime lenger, også når helsa di endrar seg. Tilskot er pengar du får, som du ikkje skal betala tilbake.

Sjå meir informasjon om tilskotsordninga ved å klikka på denne lenkja til husbanken.no

Du kan søkja om tilskot dersom:

  • du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv og den er ein eid eller leigd heilårsbustad. Om du leiger må du ha samtykke frå utleigar.
  • bustaden er din folkeregistrerte adresse
  • du skal oppgradera for minst 40 000 kroner

Kor mykje kan du få?
Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene til prosjektet. Oppgraderinga må kosta minst 40 000 kroner. Det er inga øvre grense for totalkostnad, men du kan maksimalt få 75 000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot éin gong per bustad. 

Merk at du må kunna finansiera tiltaka med eigne midlar i første omgang. Det er først når arbeidet er ferdig utført og betalt at du kan be om utbetaling av tilskotet. Du kan ikkje få tilskot for eit prosjekt som allereie er påbyrja eller fullført.