Ny brannførebyggar i Årdal og Lærdal

Jorunn Grøndal har bestått fagprøven i brannførebyggarfaget og vil vera Årdal og Lærdal sin nye brannførebyggar.

Brannsjef Gaute Johnsgaard, feiarmeister Kåre Egil Skjerven og brannførebyggar Jorunn Grøndal - Klikk for stort bileteBrannsjef Gaute Johnsgaard, feiarmeister Kåre Egil Skjerven og brannførebyggar Jorunn Grøndal Årdal kommune

Årdal kommune har hatt ansvar for opplæring i læretida. Feiarmeister Kåre Egil Skjerven har vore fagleg rettleiar. Jorunn gjekk opp til fagprøve no i februar og bestod. Dette er fyrste gongen Årdal kommune har hatt lærling i brannførebyggarfaget. 

Ein brannførebyggar skal risikovurdera fyringsanlegg og byggverk. Brannførebyggaren skal reingjera/feie skorsteinar, røykrøyr, kanalar og eldstadar for å redusere skadelege miljøutslepp frå fyringsanlegg. Faget handlar og om å utgreia for bruksmessige og organisatoriske forhold i bygget som kan påverka brannsikkerheit og tryggleik.

Lærdal kommune vil gratulera Jorunn med bestått fagprøve.