No kan frivillige organisasjonar søka momskompensasjonLotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.Formålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjera for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Organisasjonen må vera registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søka. Søknadsfristen er 1. september 2026. Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søka etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søka gjennom sentralledd. Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal senda søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. De kan lesa meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.