Tidlegare Borgund barnehage
Kenneth Bjørk/Eiendomsmegler Norge avd. Sogndal
Bygningen ligg i Borgund sentrum, er oppført i 1999 over eitt plan og har eit bruksareal på 199 m². Det er med ein frittståande garasje-/bodbygning på ca. 18 m². Visning måndag 30.november kl. 15-16. Sjå elles annonsen på Finn.no ved å klikka her for detaljar og bilete.
Næringsbygg
Eigedomen er regulert til offentleg føremål, og bygningen er eit næringsbygg som tidlegare har vore nytta som barnehage, i samsvar med godkjend bruk og ferdigattest frå 1999. Bygningen er per i dag registrert med bygningskategori Undervisning i matrikkelen.
Eventuell framtidig bruksendring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Reguleringsplanen angir arealføremålet Offentleg , medan bygningen er registrert med bruk knytt til offentleg tenesteyting. Ny eigar må sjølv undersøkje kva krav som gjeld for aktuell bruk, og søkje Lærdal kommune om naudsynt løyve. All risiko knytt til dette er kjøpars risiko.
Endra bruk, til dømes frå næring til bustad, er eit søknadspliktig tiltak som krev løyve frå kommunen. Ei slik bruksendring kan også føresetje omregulering eller dispensasjon frå gjeldande reguleringsføremål. Ved ei bruksendring vil det bli stilt krav om oppgradering til dagens tekniske krav. Forhold knytte til reguleringsføremål, eventuell omregulering eller dispensasjon, samt bruksendring, må avklarast med kommunen før bodgiving.