Næringskveld under splitter ny festival

«Mat nok i krisetid – har vi råd til å kaste?» er tittelen for næringskvelden Lærdal kommune arrangerer saman med Mataukfestivalen neste helg

Eple - Klikk for stort bileteEple Ole Ramshus Sælthun

-Næringskvelden og kick-off for Mataukfestivalen set søkjelys på eit tema som er meir aktuelt enn nokon gong. I eit beredskapsår der nasjonal mattryggleik, sjølvforsyning og berekraft står høgt på dagsordenen, er det viktig å løfta fram rolla lokal matproduksjon spelar i samfunnsberedskapen, seier Trine Grøttebø, kommunalsjef kultur, næring og samfunn.

Mataukfestivalen går av stabelen neste helg, 16-18. oktober, hovudsakleg ved Sogn frukt og grønt sine lokalitetar på Håbakken.

Rikhaldig program

Fredagen blir det næringsseminar på Sognasmak, med fokus på lokal mat og drikke, matberedskap og matsvinn. Det blir paneldebatt som og blir ein live podcast med Kristoffer Torheim - Noregs største matpodcastar, “Takk for maten”. Torheim vart også Årets formidlar i 2025. I tillegg blir det servering av lokal mat og drikke.

-Lærdal er ei sterk landbruksbygd med lange tradisjonar innan frukt, grønt og husdyrhald. Lokale produsentar og matbedrifter skapar verdiar, arbeidsplassar og kvalitet, samstundes som dei bidreg til auka matberedskap gjennom lokal produksjon og kortare verdikjeder, seier Grøttebø, og legg til:

Lokala til Sognasmak, Felleskjøpet og Sogn frukt og grønt - Klikk for stort bileteLokala til Sognasmak, Felleskjøpet og Sogn frukt og grønt Ole Ramshus Sælthun

-Gjennom temaet «Mat nok i krisetid – har vi råd til å kaste?» ønskjer me å skapa refleksjon og debatt om korleis me tek vare på ressursane våre, reduserer matsvinn og styrkjer kunnskapen om matproduksjon. Næringskvelden er ein møteplass for næringsliv, landbruk, offentleg sektor og innbyggjarar, og kan bidra til nye samarbeid og initiativ som styrkjer både lokal verdiskaping og samfunnsberedskap

Programmet for Mataukfestivalen er rikhaldig med mellom anna ei rekkje føredrag om mat og matsvinn, matkurs, matlagingskonkurransar, pop up-middag og restefest. Klikk her for å sjå Mataukfestivalen si facebookside - der finst fullstendig program og nærare informasjon om dei ulike programpostane. 

-Arrangementet synleggjer den viktige rolla lokal mat og drikke har for verdiskaping, reiseliv, identitet og attraktivitet i Lærdal og regionen, seier Grøttebø.

Tett mellom arrangementa

Lærdal har ord på seg for å vera gode på arrangement, og spesielt sommararrangement. Men sjølv om sola har forsvunne bak fjella for godt dette året mange stader i bygda, kjem arrangementa som perler på ei snor. Ein folkerik haustmarknad er nyss tilbakelagt, Mataukfestivalen altså like om hjørnet, allereie helga etter går Gytefestivalen av stabelen - og då er det under ein månad til julemarknaden. 

-Eg tenkjer det er ei veldig positiv utvikling. Me ser at hausten i større grad blir fylt med arrangement som byggjer på det som er særmerkt for Lærdal. marknadane, Mataukfestivalen og Gytefestivalen løfter fram ulike sider av bygda og skapar aktivitet over fleire veker. Det gir verdi for næringslivet, aukar attraktiviteten til Lærdal og gir oss gode arenaer for å visa fram lokal mat, drikke, kultur og natur. Særleg i eit beredskapsperspektiv er det viktig å synleggjera rolla landbruket og den lokale matproduksjonen har i ei sterk landbruksbygd som Lærdal.