Stenginga er sett i verk av omsyn til tryggleiken for publikum, artistar og frivillige under arrangementet.
Kva vegar vert stengde?
Følgjande stader vert stengde for gjennomkøyring i perioden festivalen pågår:
Grandavegen ved Esso Lærdal
Grandavegen ved Infoplassen
Grandavegen ved rundkøyringa ut mot Riksveg 5
Markering av stengte vegar under JordeplerockTidspunkt for stenging
Vegane vert stengde i følgjande tidsrom:
Fredag 26. juni kl. 17.00 til laurdag 27. juni kl. 03.00
Laurdag 27. juni kl. 17.00 til sundag 28. juni kl. 03.00
Viktig informasjon til trafikantar
Det vert sett opp sperringar i dei inngåande køyrefelta, medan løysinga er lagd opp slik at utrykkingskøyretøy kan passere ved behov.
Det vert òg skilta med omkøyring ved sperringane ved Esso Lærdal og Infoplassen, slik at trafikantane får tydeleg informasjon om alternative køyrevegar.
Me oppmodar alle som skal ferdast i området, om å planleggje køyringa i god tid og vise omsyn til skilting og mannskap på staden.