Ordførar Audun Mo og kommunedirektør Gunn Lerøy
Ole Ramshus Sælthun
Lærdal kommune såg i starten av januar seg nøydde til å laga sin eigen ROS-analyse (Risiko Og Sårbarheit) på dei føreslegne kutta ved Lærdal sjukehus. Det er klare krav til kommunane frå sentrale myndigheiter om å alltid planleggja for «worst case-scenario» i beredskapssamanheng.
Lærdal er vertskommune for lokalsjukehuset, legevakt for dei tre kommunane på sørsida, og har i tillegg ansvar for legevaktsentralen for alle seks kommunane i Indre Sogn. Dette omfattar eit dekningsområde på i underkant av 30 000 innbyggjarar og er lokalisert til Lærdal sjukehus.
Difor måtte kommunen laga eiga analyse
Då Helse Førde utgreidde kuttframlegga sine i haust vart ikkje Lærdal kommune spurde eller bedne om å gje sine vurderingar i høve mellom anna beredskap og korleis slike kutt ville påverka kommunehelsetenestene.
-Ikkje på noko tidspunkt undervegs i utgreiingsarbeidet har me vorte inviterte inn for å delta, og me har heller ikkje fått eit einaste spørsmål undervegs. Dette er oppsiktsvekkjande, særleg sett i lys av beredskapssituasjonen med ei stadig meir uroleg verd og hyppigare store naturhendingar, forklarar kommunedirektør Gunn Lerøy bakgrunnen for at kommunen måtte laga ei eiga ROS-analyse.
ROS-analysen kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.
Følgjebrevet til Helse Førde som var med analysen kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.
Brevet til Statsforvaltaren
Kuttframlegga skal handsamast av styret i Helse Førde torsdag 29. januar. Tilrådinga inneber framleis nedlegging av ortopedien i Lærdal.
-Hovudpoenget i denne samanhengen er at det samla fagmiljøet blir svært svekkja når 40 høgkompetansearbeidsplassar i form av sjukepleiarar og legar forsvinn frå eit sjukehus. Legar og sjukepleiarar er kritisk kompetanse som me eigentleg har for få av i regionen allereie, so å då å fjerna 40 slike stillingar er veldig alvorleg for samfunnstryggleik og beredskap, seier Lerøy.
Kommunedirektør Lerøy og ordførar Audun Mo sende difor følgjande brev til Statsforvaltaren i Vestland v/beredskapssjef Haavard Stensvand fredag 23. januar:
"Me syner til Helse Førde si pågåande sak om strukturendringar i spesialisthelsetenesta, der administrerande direktør har oppretthalde tilrådinga til styret om å leggja ned ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus.
Lærdal kommune finn det naudsynt å be Statsforvaltaren gripa inn i saka med bakgrunn i dei alvorlege funna i kommunen si ROS-analyse og ei samla vurdering av beredskapssituasjonen i regionen.
Vår ROS-analyse peikar på vesentleg auka risiko knytt til:
- akuttberedskap ved alvorlege ulukker og hendingar på E16, og i tunnelanlegga i området. Oppstart av arbeidet med Lærdalstunnelen hausten-2026 forsterkar behovet for helseberedskap
- klimarelaterte hendingar og naturfarar inkludert høg risiko for storbrann
- lang responstid og sårbar transportstruktur, særleg vinterstid
Etter kommunen si vurdering er desse risikoforholda ikkje tilstrekkeleg greia ut i Helse Førde si saksframstilling. Det ligg heller ikkje føre ei heilskapleg vurdering av konsekvensane for den samla beredskapen i Indre Sogn, eller konkrete og forpliktande kompenserande tiltak som kan redusere den auka risikoen ei nedlegging vil medføre.
Lærdal kommune har ikkje å noko tidspunkt vore involvert i arbeidet med utgreiingar, me har heller ikkje fått spørsmål eller førespurnader om våre vurderingar undervegs i prosessen. Dette var også medverkande til at me arbeida fram vår eigen ROS – analyse. Den blei sendt til Helse Førde sitt postmottak og til administrerande direktør. Den einaste responsen me har fått på vår analyse er eit debattinnlegg frå fagdirektør Asle Kjørlaug i Sogn Avis der han kjem med urette skuldingar og kritiserer kommunen sin analyse.
Lærdal kommune meiner at ei nedbygging av ortopedisk verksemd ved Lærdal sjukehus utan at beredskapssituasjonen er tilstrekkeleg vurdert, og at kompenserande tiltak er på plass, er i strid med krava til forsvarleg beredskap og samfunnstryggleik.
På dette grunnlaget ber me Statsforvaltaren:
- vurdera om saka er tilstrekkeleg utgreidd i tråd med forvaltningsrettslege krav
- vurdera om omsynet til samfunnstryggleik og beredskap er godt nok ivareteke
- eventuelt nytta sitt tilsyns- og samordningsansvar for å stogga eller utsetja prosessen inntil desse forholda er tilfredsstillande avklarte
Lærdal kommune stiller gjerne til møte for nærare gjennomgang av ROS-analysen og våre vurderingar.
I denne analysen blir risikonivået for svekkja lokal akuttberedskap som konsekvens av ortopedinedlegginga i Lærdal vurdert til raudt nivå".