Masse spennande skjer under Lyse dagar i Lærdal!

Ben Ward kjem, det same gjer to av verdas beste tributeartistar til Jerry Lee Lewis og Robbie Williams. Foodtruckfest blir det også. 

Ben Ward-føredrag, tributeshow og mini-foodtruckfest er berre noko av det som skjer under Lyse dagar i Lærdal 2026! - Klikk for stort bileteBen Ward-føredrag, tributeshow og mini-foodtruckfest er berre noko av det som skjer under Lyse dagar i Lærdal 2026!

Lyse dagar i Lærdal har vorte eit fast innslag når sola klyv fjella på Lærdalsøyri - då samkøyrer me ei rekkje arrangement rundt om i kommunen!

I år er det overbyggjande temaet “Gamle hus”, så det er fleire arrangement i den “sjangeren” - og ein heil del heilt andre arrangement.

Som vanleg går Lyse dagar i Lærdal av stabelen siste veka i april - frå tysdag 21. til søndag 26. - og endeleg program kjem i starten av mars. Men me har ein heil del klart, allereie, sjå berre her:

Føredrag med Ben Ward frå “Der ingen skulle tru..”

Engelskmannen har både sjarmert og rørt heile Noreg med sine forteljingar om livet på godt og vondt og gjenreisinga av garden Kroken i Luster. Han kjem til Lærdal med føredraget “Draumen om eit enklare og meir komplisert liv” - eit engasjerande føredrag med inspirasjon ,humor og ærlege forteljingar om å skapa noko sjølv.

Føredraget er på engelsk. 

Kultursalen i Lærdal laurdag 25. april kl. 13. Billettar blir lagt ut seinare.

Showet “Shake rattle & Robbie”

Opplev to av verdas beste tributeartistar (dobbeltgjengarar) til Jerry Lee Lewis og Robbie Williams under Lyse dagar, live i Lærdal Showtheater! 

Begge kveldar er todelt. Før pause fredag får du eit show av "Robbie Williams". Før pause laurdag får du eit show av "Jerry Lee Lewis". Etter pause begge dagar vert det rock'n'roll party med hits frå legendene på Jerry Lee Lewis si tid, som Elvis, Buddy Holly, Beatles, Little Richard, Chuck Berry og Ray Charles.

Me nemner Great Balls of Fire, Whole Lotta Shakin' Goin' On, Jailhouse Rock, Oh Boy, Long Tall Sally, Johnny B Goode, I Got A Woman, A Hard Days Night m.m

Begge artistar kjem frå den prisbelønna produsenten Bernhard Kurz sitt Stars in Concert som produserer Tribute Shows i høgste klasse.

Lærdal Showtheater fredag 24. april og laurdag 25. april - begge kveldar med start kl. 1930. Klikk på denne lenkja for meir info og billettar.

Mini-foodtruckfest

Me gjentek suksessen frå i fjor med foodtruckfest i rådhusparken! I år blir dette på ein dag, og då kjem seks ulike foodtruckar som tilbyr mellom anna: bakt potet, hamburger, gresk gyros og mexicansk taco.  

Rådusparken laurdag 25. april kl. 12 - 20

Andre arrangement

I tillegg er følgjande arrangement “spikra” under Lyse dagar i Lærdal:

  • Vårryddeaksjonen “Hald grøne Lærdal rein” tysdag 21. april (Hald av datoen!)
  • Hagedagar og opning av årets hagesenter på Felleskjøpet/Sognasmak. Trøtraktorløp for born.
  • Taktekkjingskurs på Seltun gard fredag 24. april - søndag 26. april - Klikk på denne lenkja til Facebookarrangementet for meir info og påmelding.
  • Bruktmarknad på Ljosheim grendahus laurdag 25. april - søndag 26. april
  • Lærdalsløpet søndag 26 april.

Meir informasjon om desse arrangementa kjem i starten av mars. Då kjem me også med fleire arrangement under Lyse dagar i Lærdal!