Ordføraren la ned blomar ved soldatgrava i Borgund i samband med markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai.Markeringa er ein del av Lærdal kommune sitt arbeid med veteranplanen, der anerkjenning, ivaretaking og respekt for veteranar og deira familiar står sentralt. Dagen minnar oss om at fred, demokrati og fridom ikkje kan takast for gitt.
Soldatgrava i Borgund er ein viktig lokal minnestad. Her samlast historie, takksemd og ettertanke – både for dei som fall under krigen, og for alle som seinare har gjort teneste for Noreg i internasjonale operasjonar.
Lærdal kommune vil med markeringa retta ei stor takk til veteranar, pårørande og alle som har bidrege i teneste for landet vårt.