Av dei ni stillingane i helse og omsorg som no ligg ute er fire heilt eller delvis med Lærdal bu- og omsorgsheim som arbeidsstad
Ole Ramshus Sælthun
- Me treng både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøarbeidar og koordinator for funksjonshemma. Her finst eigentleg stillingar for dei aller fleste det er aktuelt for å jobba innan helse og omsorg, seier kommunalsjef Marianne Voldum.
Det er snakk om både turnusstillingar, stillingar med fast dagarbeidstid, helgestillingar, ei rein nattevaktstilling og tilkallingsvikariat. Flest ledige stillingar er det innan pleie og omsorg, men ein kan også få jobb i bu- og miljøtenesta, på Lærdal helsesenter og Sogn lokalmedisinsk senter.
Sjå liste over alle stillingane med lenkje til utlysingstekst og søknadsskjema nedst i artikkelen.
- Eg vil jo seia det er eit rikt utval av spennande jobbmoglegheiter. Helse- og omsorgstenestene våre er i stor utvikling – mellom anna kan det nemnast at tre av stillingane er delvis knytt til den nye KAD-avdelinga ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I alle desse tre stillingane ligg det også eit rekrutteringstilskot i potten – ein får utbetalt 60 000 kroner utover løna dersom ein bitt seg til stillinga i minst to år.
Rekrutteringstilskot
KAD står for Kommunal Akutt Døgneining og har pasientar med akutte men ikkje livstrugande tilstandar. Altså er det pasientar som blir vurderte å ikkje ha trong for sjukehusinnlegging, men som treng kortvarig observasjon og behandling.
- Nokre er også kombinasjonsstillingar, til dømes mellom helsesenteret og bu- og omsorgsheimen – og mellom bu- og omsorgsheimen og heimesjukepleie. Det er jo noko som passar godt for dei som ønskjer varierte oppgåver.
Sjølv om det er flest ledige stillingar ute som krev sjukepleiarbakgrunn er det også fleire stillingar med meir fleksible kvalifikasjonskrav – og det er fleire deltids- og tilkallingsstillingar.
- Med andre ord er det gode jobbmoglegheiter for studentar, folk som har ei anna deltidsstilling eller som føretrekkjer å ikkje jobba hundre prosent.
- Veldig glade for alle som søkjer
Sjølv om ni stillingsannonsar på ei gong er mykje, påpeikar Voldum at situasjonen ikkje er kritisk.
- Me klarar å levera gode tenester ved alle einingane. Manko på arbeidskraft innan helse og omsorg er ei nasjonal utfordring, så me er godt røynde med å få kabalane til å gå opp sjølv om stillingar står vakante over ei tid. Men det er jo openbert at me treng folk, så me blir veldig glade for alle søkjarar. Og det er verkeleg givande, viktig og meiningsfullt arbeid me snakkar om.
Under er alle dei ni stillingane med lenkje til annonsane opplista. Alle stillingane har søknadsfrist 26.oktober.
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Pleie og omsorg
Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD
Pleie og omsorg
Fulltid som sjukepleiar kombinert sjukeheim/ heimesjukepleie
Pleie og omsorg
Fulltid 100% stilling som sjukepleiar kombinert Helsesenteret/KAD/sjukeheim
Pleie og omsorg
Helsesenter
30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenter
Helsesenter
23,5 % fast helgestilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn LMS
Sogn LMS
Helg- og tilkallingsvikarar til bu- og miljøtenesta
Bu- og miljøtenesta
100% fast stilling som miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta
Bu- og miljøtenesta
100% eitt års vikariat som koordinator for funksjonshemma
Bu- og miljøtenesta