Lokal fastpris på straum for private gjeld i heile 2025

Sjølv om Norgespris blir innført frå 1.oktober vil Lærdal kommune sin fastpris på straum for privatkundar gjelda til og med 31.desember 2025.

Illustrasjonsfoto av høgspentmaster - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av høgspentmaster

Det tyder at privatkundar som har Lærdal kommune sin fastprisavtale gjennom Kraftriket på 40 øre pr kwH vil ha denne ut året dersom ein ikkje seier den opp. (Ver merksam på at viss ein seier opp avtalen er det 1000 kr. i brotgebyr)

Norgespris, som blir innført nasjonalt no frå 1.oktober, har ikkje noko bestillingstid - avtalen gjeld frå den dagen ein bestiller - les meir om Norgespris ved å klikka på denne lenkja. Dersom ein vil ha Lærdal kommune sin fastprisavtale ut året og så gå over til Norgespris treng ein altså ikkje å gjera noko før ved nyttår.

Det er verdt å merka seg at Norgespris gjeld både for primærbustad og fritidsbustad - medan fastprisavtalen for private i Lærdal ikkje gjeld fritidsbustad.

Framleis lokal fastpris for næringslivet

Kommunestyret i Lærdal vedtok i juni å ha fastprisavtalar for næringslivet også i 2026 - det vil seia bedriftskundar og jordbrukskundar. Kva desse fastprisane blir for 2026 kjem til å bli bestemt i samband med budsjettvedtaket i desember - sjå sakspapira frå kommunestyrevedtaket i juni ved å klikka på denne lenkja. 

Vedtaket i juni la opp til å avvikla ordninga med lokal fastprisavtale for privatkundar dersom Norgespris blir innført, og det blir det altså no.  Men Lærdal kommune sin fastprisavtale for privatkundar gjeld altså framleis for heile 2025 - som det ligg i avtalevilkåra - sjølv om ordninga med Norgespris startar 1. oktober.