Kultursalen - Klikk for stort bilete Kultursalen

Lærdal kultursal 30 år

Lærdal kultursal feirar jubileum i år med oppgraderte scenetekstilar og nymåla golv.

Kultursal - Klikk for stort bileteKultursalen

 

I 2026 er kultursalen i Lærdal kulturhus heile 30 år gammal. Då var det på høg tid med skifte av utslitte scenetepper og ei oppfrisking av det svarte scenegolvet.  Ein stor takk til teknisk drift for god hjelp til å ferdigstilla lokalet til jubileumsåret!

Det har allereie blitt gjennomført fleire store arrangement i det oppgraderte scenerommet, som strikkefestival, kulturskulekonsert, jazzkonsert og tilsettedag for Lærdal kommune. 

I løpet av 2025 fekk me også oppgradert lyd- og lysrigg, slik at det no er enkelt å bruka salen med høgtalaranlegg også for alle som ynskjer det. I løpet av februar skal taklysa over stolrekkene også bytast ut.

Ynskjer du å leiga kultursalen til eit arrangement eller eit møte, kan du bestilla salen i BookUp.

For oversikt over kva som skjer i salen framover kan du sjå oversikt på Friskus aktivitetskalendar.

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53