Lærdal kulturhus - Klikk for stort bilete Lærdal kulturhus Ole Ramshus Sælthun

Lærdal kulturhus feirar 30 år

I 2026 markerer Lærdal kulturhus 30 år som møteplass for kultur og fellesskap. Jubileet blir feira med ei rekkje arrangement. Her finn du programmet for dei første månadene.

logo strikkefestival - Klikk for stort bilete

Lærdal Strikkefestival – 16.–18. januar

Festivalen er ein ny møteplass for alle som er glade i garn, handverk og hygge. Programmet byr på inspirasjonsforedrag, garn- og strikkemarknad, strikkeyoga, strikkekino og sosiale samlingar. Du kan møte profiler som Birger Berge og lokale garnprodusentar. Søndagen byr på kulturvandring og kunstomvising.

Passar for: Strikkeentusiastar, hobbyhandverkarar og alle som vil komma saman og bli inspirert.

 

Konsert: Susanna syng Gunvor Hofmo – 25. januar

Ei unik musikkoppleving med Susanna Wallumrød og Harald Lassen. Konserten er ein del av arrangementsrekkja knytt til kunstutstillinga Gal og genial? i Sogn kunstsenter.

Passar for: Musikkelskarar og dei som er interesserte i kunst, litteratur og jazz.

 

Foredrag: Kosmiske mysterier og spektakulære fenomen. Eit multimedieforedrag – 14. februar

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med på ei reise gjennom universet med spektakulære fenomen og siste nytt frå verdsrommet.

Passar for: Alle som er nysgjerrige på stjerner, planetar og romfart. Barn over 5 år er velkomne.

 

Internasjonal bygdekveld – 24. februar

Årets store festkveld med underhaldning og smakar frå heile verda. Ein kveld for heile bygda!

 

Bilete av Ei verdsomsegling under havet - Klikk for stort bileteEi verdsomsegling under havet

Teater: Ei verdsomsegling under havet - 19. mars

Ei eventyrleg og mystisk reise under havet ventar når Teater Vestland set opp Jules Verne-klassikaren Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn. Bli med på ei spennande ferd der havet skjuler mørke hemmelegheiter.

Passar for: Alle som likar eventyr, teater og mystiske historiar.
 

 

 

 

 

Oppdatert program og billettar finn du på Friskus og på Ticketco