Prideflagg utanfor Lærdal rådhus - Klikk for stort bilete Prideflagg utanfor Lærdal rådhus

Lærdal kommune markerer Pride

Juni er Pride-månaden, og også i år markerer Lærdal kommune Pride ved å heisa flagget på rådhuset, skulane og barnehagane. Det vil bli flagga i perioden frå 12. til 22. juni.

Markeringa er eit uttrykk for verdiane mangfald, toleranse og openheit, og for eit samfunn der alle skal oppleva respekt, tryggleik og inkludering.

 

Lærdal kommune ønskjer å vera ein kommune der alle innbyggjarar kjenner seg velkomne og verdsette, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller kven dei er glade i. Eit mangfaldig samfunn gjev rom for ulike perspektiv, erfaringar og livssyn, og er med på å styrkja fellesskapet vårt.

 

I samband med Pride-markeringa vil skulane, barnehagane og biblioteket, innanfor sine eigne rammer og vurderingar, kunna nytta tilgjengelege ressursar og aktivitetar som løfter fram tema som mangfald, respekt og inkludering.

Lærdal kommune er stolt av å markera Pride og av å stå opp for verdiane om likeverd, respekt og menneskeverd for alle.