Telegrafen
Ole Ramshus Sælthun
Gamle Telegrafen er ein viktig bygning i Lærdal, med historie, særpreg og potensial for vidare bruk. Kommunen skal ikkje lenger stå som eigar og drivar av bygningen, og me ønskjer difor å invitera til ein open samtale om kva som kan vera gode løysingar for framtida. Målet er at det blir liv, aktivitet og formidling av kulturhistoria i Lærdal i bygget.
Me ønskjer å høyra frå lag og organisasjonar, næringsliv og enkeltpersonar som har engasjement for Gamle Telegrafen, gode idear eller tankar om korleis bygningen kan nyttast og drivast vidare.
Eit alternativ kommunen har sett nærare på, er ein stiftingsmodell eller andre former for organisering, der fleire aktørar kan gå saman om å ta vare på og utvikla bygningen. På møtet ønskjer me å få fram idear, engasjement og interesse frå lokalsamfunnet.
Alle er velkomne, du treng ikkje representera ein organisasjon for å delta.
Det vert enkel servering.
Velkomen til Gamle Telegrafen - me håpar mange vil vera med og tenkja høgt om framtida til huset!