Frå Lyse dagar i Lærdal 2025
Ole Ramshus Sælthun
Dei siste åra har Lyse dagar i Lærdal gått av stabelen i form av fleire delarrangement - i vår var det mellom anna ryddeaksjonen Hald Lærdal rein, frivilligkveld, teater, show på Lærdal showtheater, foodtruck-festival, bruktmarknad i Ljosheim, bilslepp og Lærdalsløpet.
Lyse dagar i Lærdal 2026 blir i veke 17 - i utgangspunktet onsdag 22. april til søndag 26.april, men det går an å arrangera noko heilt i starten av denne veka også.
Grunntanken med arrangementet er at lag, organisasjonar og næringsliv har sine opplegg, og at kommunen først og fremst har ei koordinerande rolle.
Difor har me no laga ei lita spørjeundersøking slik at me kan få inn både ønskje om arrangement frå innbyggjarane og ikkje minst attendemeldingar frå organisasjons-/næringslivet og private på kva dei kan bidra med. For dei som berre vil ytra ønskje om innhald under Lyse dagar i Lærdal er berre dei to første spørsmåla aktuelle.
Svarfrist er 10.desember - her er skjemaet: