Forfattar Jørgen Jæger og hovudrolleinnehavar Kristofer Hivju framfor Jæger sin bil med nummerskiltet «Ole Vik».  - Klikk for stort bilete Forfattar Jørgen Jæger og hovudrolleinnehavar Kristofer Hivju framfor Jæger sin bil med nummerskiltet «Ole Vik». Nordisk Film Production/TV 2.

Krimforfattar Jørgen Jæger kjem til Lærdal – sjå «Mord i Sogn» på kino

Velkomen til krimkveld i Lærdal kulturhus måndag 23. mars!

Forfattarportrett Jørgen Jæger - Klikk for stort bileteJørgen Jæger

Denne kvelden får me besøk av krimforfattar Jørgen Jæger, som fortel om vegen frå boksuksess til TV-serie – og me viser dei to første episodane av den ferske TV 2‑serien «Mord i Sogn». Serien har Kristofer Hivju i hovudrolla som Ole Vik, med Eili Harboe som Cecilie Hopen. 

– Dette er stor stas for Lærdal! «Mord i Sogn» viser fram fjord, fjell og miljø som me er stolte av – og mykje er filma her hjå oss. Me gler oss til å ønskje både Jørgen Jæger og publikum velkomne til ein skikkeleg krimkveld i kulturhuset, seier ordførar Audun Mo.

 

Kvifor er dette ekstra stas i Lærdal?


Serien er spela inn i Lærdal, Balestrand og Årdal, med Sognefjorden som spektakulært bakteppe – så du vil kjenna igjen både stadar og stemningar frå vår eigen kommune. 


«Mord i Sogn» blir omtala som ein varm og lun, karakterdriven krimserie i TV 2 si eiga omtale, medan tidlege meldingar trekkjer fram postkortvakre vestlandsbilete og ein kosekrim‑tone – med eplehagane som signatur.  Dagsavisen peikar dessutan på den friske miksen av sider, småbyidyll og mordgåter som Hivju og Harboe løftar i lag. 

– At ei stor TV‑produksjon legg opptak til Lærdal, betyr mykje for lokalt næringsliv og stoltheit. No får me i tillegg opplevinga saman i salen – akkurat slik god krim fortener, seier Audun Mo.

Det vert raud løpar, enkel servering og overraskingar undervegs denne kvelden.


Program

Kl. 17.30 – Episode 1: Me opnar med første episode av «Mord i Sogn».

kl. 18.15 - Kort pause
Kl. 18.30 – Forfattarprat: Jørgen Jæger om forfattarskapen og vegen frå bok til serie – «Det byrja med ein draum».

Ca. Kl. 19.15 - Kort pause
Ca. Kl. 19.30 – Episode 2: Me rundar av kvelden med andre episode.

 

Praktisk

Stad: Lærdal kulturhus, Øyraplassen 14

Dørene opnar kl. 17.00
Enkel servering før programstart
Billettsal på TicketCo eller i døra!

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53
Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E-post
Telefon 97 73 69 94