Kommunestyret vedtok ordning som gjev privatkundar same straumpris som i dag

Det kjem til å koma informasjon om korleis ein nyttar seg av ordninga når dette er klart

Illustrasjonsfoto av høgspentmaster - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av høgspentmaster

I kommunestyret i Lærdal torsdag 27.november vart det fatta vedtak om ei ny straumprisordning for hushaldningar i Lærdal kommune. 

Ordninga går ut på at hushaldningar i Lærdal skal kunna bestilla ein spotprisavtale hjå Kraftriket med eit minuspåslag på 10 øre/kWh inkl. moms.  

Det tyder at ein får same pris som ligg i dagens avtale “Lærdal kommune privat” - 40 øre/kWh inkl moms. For å nytta ordninga må ein gjera følgjande:

  • Bestilla den nye spotprisavtalen hjå Kraftriket. Denne avtalen er ikkje klar enno, og det kjem informasjon når det er klart for bestilling.
  • Bestilla Norgespris hjå Elhub innan 01.01.2026