Kåffikoppen med Audun og Janne - denne gongen på bu- og omsorgsheimen

Ordførar og varaordførar inviterer til ny kåffikopp torsdag 24. september klokka 16 til 18.

Kåffikopp med ordførar og varaordførar - Klikk for stort bileteKåffikopp med ordførar og varaordførar Ole Ramshus Sælthun

Denne gongen blir altså den uformelle møtestaden i stova på Lærdal bu- og omsorgsheim. Det blir også noko tidlegare enn til vanleg - men alle er sjølvsagt velkomne.

Så - har du som innbyggjar noko på hjartet av smått eller stort er det berre møta opp for ein prat, ein kåffikopp og ein twist eller tre på Lærdal bu- og omsorgsheim torsdag 24. september mellom klokka 16 og 18.