Kåffikoppen blir torsdag 26. mars
Ordførar og varaordførar stiller med kaffi, kvik lunsj og solo.
Kåffikopp med ordførar og varaordførar
Ole Ramshus Sælthun
Kåffikopp med ordførar og varaordførar blir torsdag 26. mars - frå klokka 17 til 1830 i 1.etasje på rådhuset.
Merk at kaffikoppen denne gongen blir ein time tidlegare og ein halvtime kortare enn vanleg, dette på grunn av anna arrangement seinare på kvelden. Sidan det er påsketider blir det solo og kvik lunsj denne gongen - i tillegg til kaffi. Og ein får nok twist også, om ein føretrekkjer det.
Har du som innbyggjar noko på hjartet er det berre møta opp for ein prat med ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen.