Kåffikopp torsdag 27. august

Ordførar og varaordførar er klare til første kåffikopp etter sommarferien.

Kåffikopp med ordførar og varaordførar - Klikk for stort bileteKåffikopp med ordførar og varaordførar Ole Ramshus Sælthun

 

Tidspunktet og staden er som før - klokka 18 til 20 i 1.etasje på rådhuset. Og det er framleis siste torsdag i månaden som gjeld.

 

Så - har du som innbyggjar noko på hjartet av smått eller stort er det berre møta opp for ein prat, ein kåffikopp og ein twist eller tre.