Kåffi- og gløggkoppen med Audun og Janne blir 22.desember

Grunna juletrefest på Borgund komande torsdag gjer ordføraren og varaordføraren ein vri denne gongen.

Ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen er klare med gløgg og Twist måndag 22. desember. - Klikk for stort bileteOrdførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen er klare med gløgg og Twist måndag 22. desember. Ole Ramshus Sælthun

Vanlegvis er “Kåffikopp med ordførar og varaordførar” siste torsdag i månaden - no i desember er det 1.juledag, og torsdagen før skal ordføraren vera på juletrefest på Borgund.

Difor blir den siste kåffikoppen for i år - der det også blir servert gløgg - mellom klokka 17 og 19 måndag 22.desember i 1.etasje på rådhuset. 

Som vanleg kan ein koma for å spørja rundt, diskutera og drøfta saker ein måtte undra seg over, meina noko om eller ha på hjartet. Ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen ønskjer vel møtt!