Juletreet på plass - klart for julegateopning og julemarknad

Dette er helga der juletida for alvor startar i Lærdal.

Juletreet på rådhusplassen er kome opp. - Klikk for stort bileteJuletreet på rådhusplassen er kome opp. Ole Ramshus Sælthun

Juletreet på rådhusplassen kom opp denne veka - mannskap frå teknisk har vore i full sving med å få lys og stjerne på treet. Lærdal kommune takkar Jenny Hagheim so mykje for at me fekk dette flotte treet til rådhusplassen i år.

Fredag 21. november er det julegateopning på rådhusplassen klokka 17 i regi av Lærdal næringssamskipnad - ordføraren helsar, Lærdal musikklag spelar og gang rundt juletreet. Og ikkje minst: julenissen kjem!

Laurdag 22. november og søndag 23. november er det klart for den store julemarknaden på Gamle Lærdalsøyri - 70 juleboder, program beståande av mellom anna julemusikk, julekino, julekonsert og konfirmantar som les juleevangeliet. Opningstid for bodene er laurdag frå kl. 11 - 16 og søndag frå kl. 12-16 - meir informasjon på Lærdalsmarknaden si Facebookside.