Velkomen til jubileumskveld i Lærdal kulturhus
I år er det 30 år sidan opninga av Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter, og 15 år sidan Sogn kunstsenter opna dørene. Jubilea vert slått saman og markert fredag 19. juni kl. 18.30 i Lærdal kulturhus.
Same dag kl. 17.00 er det utstillingsopning ved Sogn kunstsenter – ein perfekt start på kvelden!
Gjennom kvelden kan du bli med på ei reise gjennom tid:
- Musikalske innslag
- Historiske tilbakeblikk og gode historier
- Bildekavalkade frå livet i huset
- Eit blikk framover – kvar går vegen vidare?
Dei siste 30 åra har romma stort engasjement – med både sterke meiningar, livleg debatt og eit rikt kulturtilbod. Dette speglar me i ei uhøgtideleg ramme, med glimt frå både diskusjonane og dei gode opplevingane som har forma huset slik me kjenner det i dag, og slik det vil bli i framtida.
Arrangementet er ope for alle – velkomen til ei hyggeleg feiring!