Frå 1. februar 2025 tredde ei ny gjødselforskrift til. Dei nye reglane er utfordrande for mange.
Møte vart halde i Lærdal kulturhus, der me gjekk gjennom dei nye reglane. Med oss på møte, var Øyvind Vatshelle rådgjevar frå Statsforvaltaren i Vestland og Marit Henjum Halsnes frå Norsk landbruksrådgiving.
To bønder synte oss korleis dei forheld seg til nytt regelverk, med melloma anna bruk av journal som syner korleis eigedomen handterar bruk av gjødsel. Ole Bjarne Hovland sauebonde frå Årdal og Lars Inge Vik, grøntprodusent frå Lærdal, synte oss korleis dei loggfører sin bruk av gjødsel. Interessant og veldig nyttig for alle! Det er mykje nytt i det nye regleverket, mellom anna journalføring av bruk av gjødsel, både husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Det er nyttig og kjekt å sjå kva alternativ ein har til å hjelpe seg med det.
Dokumentet under, er presentasjonen Øyvind Vatshelle hadde på samlinga vår.
Ny gjødselbrukforskrift - presentasjon (PDF, 12 MB)
På lenka under, kan du lese meir om dei nye krava, sjå på fosfor-kalkulatoren, samt finne søknadsskjema dersom du skal spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite. Nye krav til bruk av gjødsel | Statsforvaltaren i Vestland
Mange deltok på samlinga – dette tykkjer me på landbrukskontoret er bra.
Takk for ei kjekk samling med ein engasjert og positiv gjeng - som tydleg ser på løysingar, sjølv med utfordrande regelverk.