Influensavaksinering blir 16., 17. og 18. november

Vaksinar mot sesonginfluensa, korona og pneumokokksjukdom blir tilbydd desse tre dagane frå klokka 0900 til 1400 på Lærdal helsestasjon.

Inngangspartiet til Lærdal helsesenter - Klikk for stort bileteInngangspartiet til Lærdal helsesenter Ole Ramshus Sælthun

Praktisk informasjon:

  • Datoar og tidspunkt: måndag 16.nov, tysdag 17.nov og onsdag 18.nov, alle dagar mellom kl. 09.00 – 14.00 på Lærdal helsestasjon
  • Drop in-vaksinering, du skal ikkje bestilla time på førehand
  • Ha på lette klede (gjerne t-skjorte)
  • Dersom du har feber over 38 grader må du vente med å ta vaksinane til du er feberfri.
  • Ein må rekna med noko ventetid før ein kjem inn til vaksinering
  • Alle må venta på venterommet i 20 minuttar etter vaksinering
  • Betal gjerne med Vipps eller kort. Helsestasjonen tek også kontantar.
  • Har du spørsmål utover informasjonen som er gitt her, ta kontakt med Lærdal helsestasjon på telefon: 48 17 29 85

Prisar

Type vaksine Pris 
Influensavaksine           308,- 

Koronavaksine 

Saman med ei anna vaksine  

110,- 

85,- 

Pneumokokkvaksine (dei født i 1960+1961) 

Saman med ei anna vaksine 

110,- 

85,- 

Pneumokokkvaksine (for alle andre) 850,- 
Konsultasjonspris der ein har med vaksine sjølv 150,- 

Dei ulike vaksinane blir tilbydd i tråd med vaksenvaksinasjonsprogrammet - klikk på denne lenkja for å lesa meir om dette. I boksane under står det også oppsummert kven som kan få dei ulike vaksinane.

Influensavaksine

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensa, og er difor inkluderte i vaksinasjonsprogrammet influensavaksine:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar.
  • Alle frå fylte 65 år.
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før 32. svangerskapsveke, frå 6 månaders alder (kronologisk alder) til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
    • kronisk hjarte- og karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
    • diabetes
    • kronisk alvorleg leversjukdom
    • kronisk alvorleg nyresjukdom
    • kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom og/eller immundempande behandling, til dømes ved organtransplantasjon, kreft eller autoimmune sjukdomar
    • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m² eller høgare
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko. Dette blir vurdert individuelt av lege. Døme er personar med medfødde kromosomavvik, som Downs syndrom, og genetiske syndrom.

 I tillegg blir influensavaksine tilrådd for følgjande grupper, som ikkje er inkluderte i vaksjonasjonsprogrammet (primært for å verna andre - indirekte vern):

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar i samband med behandling eller pleie.
  • Personar som bur saman med, eller er tilsvarande nærståande til, personar med vesentleg svekt immunforsvar på grunn av sjukdom eller behandling av sjukdom. Dette blir òg kalla husstandskontaktar til immunsupprimerte. Døme er personar som har gjennomgått organtransplantasjon, har kreft eller enkelte autoimmune sjukdomar. Vanlegvis vil personen det gjeld, få informasjon om dette frå legen sin.
  • Svinebønder og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
  • Saneringspersonell og andre som arbeider med mistenkte eller stadfesta tilfelle av influensa hos tamfugl. Føremålet med å tilby sesonginfluensavaksine til denne gruppa er å redusere sannsynet for samtidig smitte med både fugleinfluensavirus og sesonginfluensavirus. Ei slik dobbeltsmitte kan i svært sjeldne tilfelle føre til at arvestoffet frå viruset blandar seg, slik at det oppstår nye virustypar med nye eigenskapar. Sesonginfluensavaksinen vernar ikkje mot fugleinfluensavirus.

Informasjon om vaksina får ein også ved å klikka på denne lenkja

Koronavaksine

Folkehelseinstituttet tilrår at følgjande grupper bør vaksinerast med ein oppfriskingsdose før haust- og vintersesongen 2026/2027:

  • Personar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Personar som er 75 år og eldre
  • Personar i alderen 18–74 år som tilhøyrer ei risikogruppe
  • Personar i alderen 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn i alderen 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter ei individuell vurdering

Personar i alderen 65–74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe, kan få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne dersom dei ønskjer det - sjølv om denne gruppa ikkje er omfatta av tilrådingane frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Barn og unge som er omfatta av tilrådingane frå FHI, er òg inkluderte i vaksinasjonsprogrammet for vaksne og skal få tilbod om koronavaksine.

Informasjon om vaksina får ein også ved å klikka på denne lenkja

Vaksine mot pneumokokksjukdom

Frå og med året du fyller 65 år, får du tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne. Det tyder at du får tilbod om vaksinen Prevenar 20 det året du fyller 65 år, no gjeld tilbodet for alle som er fødd i 1960 og 1961.

Denne vaksinen har langvarig effekt, så du treng i utgangspunktet ikkje oppfriskingsdose når du har teke den.

Vaksinen blir òg tilrådd for personar med:

  • Nedsett immunforsvar, anten på grunn av sjukdom eller bruk av legemiddel, til dømes ved hiv, immunsvikt eller kreftsjukdom
  • Kronisk lungesjukdom
  • Kronisk hjartesjukdom
  • Kronisk nyresjukdom
  • Kronisk leversjukdom
  • Diabetes
  • Barrierebrot (cochleaimplantat eller lekkasje av cerebrospinalvæske (CSF))
  • Manglande milt eller nedsett miltfunksjon
  • Nedsett lungefunksjon, til dømes som følgje av hjerneslag eller multippel sklerose
  • Andre personar med auka risiko, etter ei individuell vurdering, til dømes personar utan fast bustad, personar med alkoholavhengnad, personar som injiserer illegale rusmiddel, eller personar som tidlegare har hatt pneumokokkpneumoni eller invasiv pneumokokksjukdom.

Dersom du fell i ein eller fleire av desse kategoriane - altså at du ikkje er fødd i 1960 eller 1961, men framleis er anbefalt å ta vaksinen - kan du kjøpa denne utanom på vaksineringsdagane. Men helsestasjonen har eit avgrensa tal vaksinar til denne gruppa. Det vert difor “fyrstemann til mølla”. Du kan også ta vaksinen heile året ved å få resept hjå fastlegen din. 

Vaksinen blir sett som ei sprøyte i armen, og det er nok med éin dose. Du kan ta andre vaksinar samtidig, til dømes influensavaksine og koronavaksine. Det tek 10–14 dagar frå du får vaksinen, til du kan vente å få effekt.