
Informasjon me treng;
1. Arbeidsgjevar:
2. E-post til arbeidsgjevar:
3. Namn på arbeidstakar:
4. Fødselsdato til arbeidstakar (ddmmåååå):
5. Statsborgarland:
6. D-nummer:
Sogn frukt og Grønt sine medlemmar sender inn liste til Inghild Lysne Sanden (innan 6. juli).
Informasjon frå Skatteetaten
Før kontrollen:
Søk om skattekort for personane via elektronisk skjema 1355 SEINAST 1 VEKE FØR KONTROLLEN
- Vi føreset at skattekortsøknadane kjem elektronisk, og at arbeidskontrakter er lasta opp i dei søknadane
- Utmelding kjeldeskatt: Arbeidsgivar kan ikkje melde ut arbeidstakarar via avhuking i RF1355. Men dersom det ligg eit opplasta ein RF1102 kor arbeidstakaren har kryssa av for utmelding, og underskrive, så er det tilstrekkeleg. Fyll då gjerne ut eventuelt d-nummer, namn, forventa lønnsinntekt, utmeldings-hake, dato, stad og signatur.
På kontrolldagen:
- Arbeidstakarane har med ID-dokument
- For å auke effektiviteten på kontrolldagen, kan arbeidstakarane i tillegg ta med fargekopiar av id-dokumenta
- Om dei vil melde seg ut av kjeldeskatt: Arbeidsgivar lastar opp utfylt skjema for utmelding i søknaden (skjemaet må vere signert av arbeidstakaren)
- For personane som ikkje har d-nummer frå før, kor riktig utfylt RF1355 er levert i forkant, så prøver vi å tildele d-nummer på kontrolldagen.
Etter kontrolldagen:
- Vi produserer d-nummer, og sender dette ut til arbeidsgivarane
- Skattekontoret sender ut e-post til arbeidsgivarar dersom vi ikkje finn elektroniske søknader
- Vi sender opptil 1 påminning på e-post. Manglande innsending kan medføre at arbeidsgivar ikkje får tilbod om å møte på kontrollar seinare år.
Om nokon har utfordringar etter kontrollen med skattekort eller d-nummer, skriv ein e-post til skranke-leikanger@skatteetaten.no.
Kven kan møte til ID-kontroll?
Vi tilbyr berre timar for personar som treng ID-kontroll. Altså:
- personar utan d-nummer
- personar med d-nummer som ikkje registrert som ID-kontrollert
- personar med d-nummer som må reaktiverast
- personar som skal melde flytting til Noreg
Reaktivering av d-nummer
Det kan vere at også personar som allereie har d-nummer må møte på ID-kontroll på grunn av reglane om reaktivering. Dersom personen ikkje har vore på ID-kontroll på 5 år, må d-nummeret reaktiverast.
Viktig informasjon om arbeidstakar utanfor EØS
Vi vil legge til at personar som ikkje kjem frå EØS-land må ha arbeidsløyve i Noreg