ICDP – Foreldrerettleiingsgruppe på helsestasjonen 

I haust vert det tilbod om rettleiingsgruppe for foreldre som ynskjer støtte, inspirasjon og samtalar om samspelet med barna sine. Oppstart 12. oktober 2026.

ICDP Huset

I haust startar me opp med foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Programme(ICDP). Det er rettleiingsgruppe for foreldre som ynskjer støtte, inspirasjon og gode samtalar om samspelet med barna sine. 
 

ICDP er eit lågterskel tilbod. Det er eit enkelt og positivt rettleiingsprogram som bygger på å styrke den gode kontakten mellom foreldre og barn. Gjennom 8 samlingar møtast me i ei lita gruppe, deler erfaringar, får nye idear og blir meir bevist på korleis me kan støtte barna våre i kvardagen. Me går igjennom 8 tema for eit godt samspel, som er godt illustrert i huset på biletet.  

ICDP passar for foreldre med barn i alderen 0-18 år. Du treng ikkje ha spesielle utfordringar for å delta. Alle foreldre kan ha nytte av kurset.  

Kurset er på helsestasjonen på Helsesenteret i Lærdal, 2.etg.

Me startar opp 12. oktober kl. 14:00

Kurset er gratis, og er i samarbeid med Aurland kommune.  

Påmeldingsfrist: 26.september

 

Kursdatoar:

12.10

19. 10

27.10 (tysdag)

02.11

09.11

16.11

23.11

01.12

 

For påmelding: ring/sms eller e-post til  

Randi Midtgård  

Tlf:479 91 182

randi.midtgard@laerdal.kommune.no