Lærdal motorikkpark
Ole Ramshus Sælthun
Kommunen har gåande eit sentrumsprosjekt og området rundt stranda, leikeplassen ved rådhusparken og området imellom vil bli spesielt prioritert. Dette er og tiltak som ungdomane i Lærdal har etterspurt, mellom anna i ein workshop med ungdomsrådet i mars i år.
Først vurderte kommunen å byggja ny leikepark ved stranda, men sidan dette alt finst i form av ein motorikkpark inngår heller kommunen ein avtale om gratis bruk av Lærdal Motorikkpark for alle innbyggjarane i Lærdal. Dette er i fyrste omgang som ein pilot for 2025 og gjeld frå vedtak i formannskapet 12.juni.
Skal ein nytta seg av tilbodet, må ein registrera seg i resepsjonen på Lærdal ferie- og fritidspark først. Etter kvart vil det koma band ein får her som gjeld som inngangsbillett til parken.
400 000 kroner
I tillegg ynskjer kommunen å tilretteleggja sjølve strandområdet med bord, benker og beplantning, samt oppgradera sandvolleyballbana, og tilretteleggja for aktivitetar og rekreasjon på leikeplassen ved rådhusparken. Formannskapet vedtok 12. juni å løyva totalt 400 000 kroner til prosjektet frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet, fordelt slik:
- Kostnadsoverslag: Avtale om bruk av Lærdal Motorikkpark: 130 000 kr.
- Tilrettelegging av området ved stranda: 200 000 kr.
- Tilrettelegging av leikeplass ved rådhuset og området rundt: 70 000 kr
Tiltaka er del av tiltaka i tiltaksplan for næring vedteken i komunestyret desember 2024.
Les sakspapira frå handsaminga i formannskapet ved å klikka her.