Har stått i stormen – no kjem ho til Lærdal

Midtaustenforskar Hilde Henriksen Waage har hatt ein årelang kamp for få tak i dei forsvunne arkiva frå Oslo-prosessen. Måndag 26.oktober kan du sjå og høyra henne i kultursalen.

Måndag 26. oktober kl. 18.00 inviterer Vennskap Jeriko-Lærdal, Palestinakomiteen i Sogn og Lærdal bibliotek til temakveld med Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage i Lærdal kulturhus.

Under overskrifta «Kvifor har palestinarane tapt kampen om landet?» vil Waage setja dagens konflikt inn i ein historisk og politisk samanheng. Ho vil sjå nærare på utviklinga frå opprettinga av staten Israel i 1948, okkupasjonen av palestinske område etter seksdagarskrigen i 1967 og fram til krigen som følgde terroråtaket frå Hamas 7. oktober 2023.

Konflikta har ført til store tap av menneskeliv og omfattande øydeleggingar. Samstundes held busetjinga og valden på Vestbreidda fram. Kva historiske og politiske prosessar har ført fram til dagens situasjon, og kva framtidsutsikter finst for palestinarane og israelarane? Dette er blant spørsmåla Waage vil ta opp denne kvelden.

Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking, PRIO. Ho er ein av Noregs fremste ekspertar på Midtausten og har gjennom ei årrekkje forska på Noregs rolle i regionen, Oslo-prosessen og forholdet mellom Israel og Palestina. Ho har gjeve ut fleire bøker om emnet og er ein mykje nytta kommentator i norske og internasjonale medium.

I 2026 vart Waage tildelt Fritt Ords Pris for si kritiske og modige forsking og uredde maktkritikk gjennom fleire tiår. Ho har også nyleg fått Åpenheitsprisen for arbeidet med å få fram opplysningar om dei manglande arkivdokumenta frå Noregs rolle i Oslo-prosessen.

Etter føredraget vert det høve til å kjøpa bøker og få dei signerte av Waage. Jerikobui stiller med popup-butikk med varer frå Jeriko og Palestina. Det vert også servert palestinske dadlar, kaffi og te.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Måndag 26. oktober kl. 18.00
Stad: Lærdal kulturhus
Arrangørar: Vennskap Jeriko-Lærdal, Palestinakomiteen i Sogn og Lærdal bibliotek