Har nokon juletre å gje vekk til Rådhusplassen?

I så fall er Lærdal kommune interesserte.

Her blir juletreet før jula 2024 sett opp - Klikk for stort bileteHer blir juletreet før jula 2024 sett opp Ole Ramshus Sælthun

Det er under to månader til julaftan, og berre nokre veker til juletreet på Rådhusplassen skal opp.

Dersom nokon har eit høveleg juletre i hagen eller i skogen til Rådhusplassen - ta kontakt med oppsynsmann i teknisk eining på telefon: 970 57 480