Formannskap, kommunedirektør, lokalpresse og politisk hospitant inspiserer eitt av dei nye romma på avdeling C.
Ole Ramshus Sælthun
- Me får no delt sjukeheimen inn i tre avdelingar, der både brukarar og tilsette vert fordelt på tre mindre einingar. Dei tilsette får då betre oversikt over sine brukarar, det blir lettare å følgja dei opp og me kan bruka meir tid på miljøbehandling, fortel einingsleiar pleie og omsorg Torill Tørvi Grøthe.
Ein del tid på formannskapsmøtet sist i september vart via til markering av utvidinga og utbetringane på Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO). Ordførar Audun Mo klipte snor, dei tilsette fekk blomar og brukarar møtte opp med norske flagg. Så tok formannskapet ein runde på synfaring før det vart blautkake til alle.
- Får utnytta maks kapasitet
For det er ikkje småtteri som er gjort på LBO siste tida. For det første har avdeling C vorte utvida med to nye rom, det har vore vesentlege utbetringar i fellesarealet med lyddemping og nytt kjøkken, og det har kome på plass funksjonsrom som vaktrom og skyllerom/ vaskerom.
- I sum gjer dette at avdelinga får utnytta maks kapasitet, og det er kome på plass funksjonar som gjer arbeidskvardagen til dei tilsette mykje betre, samt at fellesarealet blir enno kjekkare å opphalda seg i for bebuarane. I tillegg har ein klart å behalda det flotte arkitektoniske biletet og lysforholda som er i denne avdelinga ved å plassera støydempande plater i himlingen i staden for å dela av romma. Så me vil berømma arkitektfirmaet Vikøren for arbeidet deira, seier Tørvi Grøthe.
- Har gitt eit godt løft
På avdeling A er ni pasientrom overflateoppussa og bada oppgradert slik at dei framstår som "nye". I tillegg er ei stove gjort om til avdelingskjøken, og det er opna opp vegger knytt til vaktrommet, slik at dei tilsette har oversikt med pasientane også når dei har rapport.
- Oppgraderinga på A vart eit resultat av at ein måtte skrinlegga planane for nybygg. Så dette arbeidet er utført på lågbudsjett, men har gitt eit godt løft til sjukeheimen, forklarar Tørvi Grøthe.
- Kva seier brukarane sjølve?
- Dei nye romma på C haustar sjølvsagt mykje skryt; dei er romslege, har flotte fasilitetar og er heilt nye. Men dei oppussa romma har også blitt tatt godt imot, sidan dei framstår som lune og trivelege. I tillegg er mange av brukarane våre veldig glade for at me også har fått på plass TV og stabile TV-signal på romma. Dette er ei gåve frå Nesse og Eggums minnefond.