Har du sett blomsterengene?
Områder på Lærdal kommune sine grøntareal har sein slått i år og.
Dette er eit ledd for å ta vare på det biologiske mangfaldet og gje insekta livsvikte ressursar. Naturen får meir plass med blomster og insekt som er mat for småfuglane våre.
Blomsterengene skapar eit mangfald på dei offentlege areal rund om i sentrum av kommunen vår. Plukk gjerne med deg ein bukett med blomster og strå!
Sein slått er eit av måla i Lærdal kommune sin kommuneplan for Naturmangfald. (PDF, 7 MB)