Hans Majestet Kong Harald V si gravferd vert vist på storskjem i Lærdal kulturhus, kultursalen

Hans Majestet Kong Harald si gravferd vert vist på storskjem i Lærdal kulturhus, kultursalen onsdag 09.september frå kl 12:00.

I ei historisk og særmerkt tid for nasjonen vår ønskjer Lærdal kommune, i samarbeid med kyrkja i Lærdal, å leggje til rette for ei felles markering for alle som ønskjer å ta del i denne dagen. Difor opnar me dørene til kultursalen under Hans Majestet Kong Harald si gravferd.


Frå kl. 12.00 tysdag 9.september inviterer me innbyggjarane til kultursalen, Øyraplassen 14, for å følgje sendinga på storskjerm.
Dette vert ei høgtideleg stund der me kan vere samla i respekt, ettertanke og fellesskap.

Kondolanseprotokollen frå rådhuset er flytta bort til kulturhuset denne dagen. Det vert difor høve til å skriva ei siste helsing til Kong Harald der.


Alle er hjarteleg velkomne.

 

Lærdal kommune og kyrkja i Lærdal.
 

Kontaktkort

Audun Mo
Ordførar
Telefon 99 20 50 06