
Søndag 18.10 gjekk 33 bøsseberarar dør-til-dør i Lærdal for å samle inn pengar til tv-aksjonen som i år er tildelt NRC Flyktninghjelpen. I Lærdal vart det samla inn heile 156 434 kroner. Lærdal kom då på 69.plass av 357 kommunar i landet, noko som er eit svært godt resultat.
Takk til alle som sa ja til å vere bøsseberarar, takk til alle som bidrog på bøssa med kontantar og vipps, og takk til Sogn Sparebank som heldt teljesentral.
Her kan du lesa meir om resultata etter årets tv-aksjon

Aksjonskomitèen i Lærdal
NRK tv-aksjonen