Julekort 2025
Ole Ramshus Sælthun
Kjære tilsette, innbyggjarar, frivillige og samarbeidspartnarar i næringslivet.
Når året går mot slutten, ønskjer me å takka dykk alle for innsatsen og engasjementet de har vist for kommunen vår gjennom året.
Våre medarbeidarar gjer ein viktig jobb for fellesskapen, kvar einaste dag. Med kompetanse, ansvar og omsorg sikrar me trygge og gode tenester for innbyggjarane våre.
Me har frivillige som stiller opp med tid, hjarte og vilje. De skaper fellesskap, aktivitet og varme – og er heilt avgjerande for lokalsamfunnet vårt. Tusen takk for innsatsen.
Me takkar våre innbyggjarar og næringslivet for tillit, samarbeid og engasjement. Dette er viktige bidrag til ei positiv utvikling i kommunen.
Jula er ei tid for fellesskap og omtanke. Lat oss ta vare på kvarandre og visa ekstra omsorg der det trengst.
Me ønskjer dykk alle ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år.
Helsing
Audun Mo – ordførar
Gunn Lerøy - kommunedirektør