Bålforbud 15. aprilForbod mot open eld i skog og utmark
Det generelle bålforbodet inneber at det ikkje er lov å tenne bål, grille eller bruke open eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark. Forbodet gjeld i perioden 15. april til 15. september kvart år.
Bakgrunnen for forbodet er stor brannfare, særleg i periodar med lite nedbør. Sjølv små og tilsynelatande ufarlige bål kan raskt kome ut av kontroll og føre til store skadeverknader for natur, eigedom og liv.
– Uansvarleg bålbrenning og bruk av open eld er dei vanlegaste årsakene til brannar i skog og utmark, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Lærdal kommune oppmodar alle innbyggjarar og besøkande til å vise stor varsemd og respektere bålforbodet. Saman kan vi bidra til å redusere risikoen for brann og ta vare på naturen og tryggleiken i lokalsamfunnet.