Fylkesveg 5627 Aurland - Lærdal er mellombels stengd laurdag 15.august

Laurdag 15. august blir det mellombels trafikkregulering på fv. 5627 i samband med sykkeletappen under Xtreme Triathlon. Ved Erdal i Lærdal kommune, vil fylkesvegen bli stengt, slik at det ikkje kjem bilar frå Erdal mot Aurlandsvangen.


Vegen blir regulert frå Erdal i Lærdal kommune til Aurlandsvangen i Aurland kommune frå kl. 08.30 til kl. 15.00. 

Stenging av køyreretning blir gjord ved Erdal for køyrande mot Aurlandsfjellet. Når sykkeletappen er ferdig opnar vegen igjen som normalt.