Framsyning av Eldreveka 2026 i kultursalen

Lærdal kommune inviterer til Eldreveka! 

Lærdal kulturhus - Klikk for stort bileteLærdal kulturhus Ole Ramshus Sælthun

Eldreveka er eit arrangement for alle innbyggarar i Lærdal som ynskjer tips og triks for ein god alderdom heime. Eldreveka blir arrangert digitalt som ein del av Program for eit aldersvennlig Norge 2030! 

Me syner programmet i kultursalen. Det blir spennande, lærerikt og høve for ein kaffekopp. Det er lov å koma og gå som ein vil - sjå deg ut det som er spennande i programmet og møt opp! Her er lenke til programmet: Eldreuka 2026 - Aldersvennlig

Som ein ser av programmet blir det ulike temaføredrag om helse, aktivitet, friviligheit og mykje meir. "Lær korleis du kan halde hjernen frisk, beskytte deg mot nettsvindel og gjere det enklare å bu heime lenger. Få tips til korleis fysisk aktivitet, gode vanar og nærmiljøet kan bidra til betre livskvalitet!" Eldreveka vil bidra til å gi gode verktøy for ein god alderdom i Lærdal. 

Illustrasjon Eldreveka - Klikk for stort bileteIllustrasjon Eldreveka

Framsyningane i kultursalen skjer til desse tidene:

Måndag 28. sept: 12-15.30

Tysdag 29. sept: 12-15.30

Onsdag 30.sept: 12- 14.30

Det er ein representant frå kommunen til stades under syninga og det er moglegheit for å stilla spørsmål rundt det som blir teke opp i føredraga. Ellers oppmodar me å nytta pausane til ei sosial stund. Det er mogleg å kjøpa kaffi og kaffimat frå Laksen! 

Sjå også arrangementet på Friskus ved å klikka her.

Håpar du vil ta turen - Velkommen!