Forbod mot el-sparkesyklar i kommunale bygg

El-sparkesyklar skal ikkje takast med inn i kommunale bygningar, verken for parkering, lading eller bruk.

Illustrasjonsfoto av elsparkesykkel - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av elsparkesykkel Pixabay

Brannar i elektriske sparkesyklar er eit aukande problem både nasjonalt og lokalt. Brannvesenet rapporterer om fleire utrykkingar til slike brannar - desse utviklar seg svært raskt, er vanskelege å sløkkja og avgjer røyk som kan ta livet av menneske. 

Brannane startar som oftast grunna skader på el-sparkesykkelen sitt litiumbatteri. Desse batteria er meir sårbare for slag og ytre påverknad enn batteria i vanlege el-syklar, og faren for brann er difor større. 

Tidlegare har dei fleste brannar oppstått mens sparkesyklane stod til lading, men no skjer det og fleire brannar når batteria ikkje er tilkopla straum. 

For å ivareta tryggleiken til brukarane og dei tilsette på gjeldande bygg, vert det innført forbod mot bruk, parkering og lading av el-sparkesyklar innandørs: 

• Barne- og ungdomsskular 

• Gymsalar og idrettshaller 

• Barnehagar 

• Bibliotek 

• Kulturhus / kino 

• Rådhus 

• Institusjonar 

Forbodet gjeld frå 1. april 2026. Me ber alle besøkjande, elevar og tilsette om å respektera forbodet.