Dronefoto av Lærdalsøyri
Oleg Ovcharuk
Lærdal kommune fekk informasjon frå NVE i formannskapet 26. november om det vidare arbeidet med flaumsikringsprosjektet. NVE vurderer at alternativa for flaumsikring må greiast ut etter staten sine krav til store investeringsprosjekt. Det inneber at NVE skal gjennomføra ei såkalla konseptvalutgreiing, forkorta KVU.
NVE og Lærdal kommune understrekar at prosjektet ikkje er avslutta, men går no inn i ein ny utgreiingsfase. Det er førebels ikkje teke stilling til kva løysing det skal arbeidast vidare med, eller om prosjektet skal gjennomførast.
Ei konseptvalutgreiing skal gi staten eit betre grunnlag for å avgjera:
• kva behov som skal løysast
• kva overordna løysingar som kan vera aktuelle
• kva verknader for kostnader og andre verknader dei ulike løysingane kan få
• om staten skal gå vidare med prosjektet, og i så fall med kva løysing
Dette er ein del av staten sin prosess for store investeringsprosjekt. NVE vurderer at det er nødvendig å gjennomføra konseptvalutgreiinga no, slik at ulike overordna løysingar kan vurderast før det blir brukt store ressursar på detaljplanlegging. Utgreiinga skal gi eit grundig og kvalitetssikra avgjerdsgrunnlag og sikra at prosjektet er godt forankra hos dei statlege styresmaktene.
Kva betyr dette for arbeidet som er gjort?
Arbeidet som NVE og Lærdal kommune allereie har utført, vil framleis vera ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget. Moglegheitsstudien frå 2024, flaumsonekartlegginga, planprogrammet og innspela kommunen har fått gjennom planprosessen gir kunnskap om flaumfaren, aktuelle sikringstiltak og kva omsyn som må takast.
Konseptvalutgreiinga skal byggja vidare på denne kunnskapen. Samstundes kan utgreiinga innebera at også andre overordna løysingar enn dei kommunen og NVE hittil har arbeidd med, må vurderast.
Kva skjer med reguleringsarbeidet?
Grunneigarar og andre som kunne bli råka av flaumsikringstiltaka, blei varsla då reguleringsarbeidet starta opp i oktober 2025.
NVE har førebels bede Lærdal kommune om å setja arbeidet med reguleringsplanen på pause medan rammene for konseptvalutgreiinga blir avklarte. Dette skal hindra at kommunen brukar mykje tid og ressursar på detaljplanlegging før staten har teke stilling til kva overordna løysing prosjektet eventuelt skal byggja på.
Planprogrammet for områdereguleringsplanen blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det er førebels uklart om planprogrammet må endrast som følgje av konseptvalutgreiinga. Dersom utgreiinga fører til at det blir aktuelt å vurdera tiltak eller løysingar som ikkje er omfatta av det fastsette planprogrammet, kan det bli nødvendig å revidera planprogrammet og gjennomføra ei ny høyring.
Informasjon om vidare prosess
Kommunen vil informera grunneigarar og innbyggjarar dersom planprosessen blir endra, og når det ligg føre meir informasjon om innhaldet i og framdrifta for konseptvalutgreiinga. Kommunen og NVE planlegg å arrangera eit informasjonsmøte på nyåret når det ligg føre meir informasjon.
Du kan lesa NVE si orientering på deira heimeside gjennom å klikka på denne lenka.