Dei som utførte sikringstiltak for over hundre år sidan kunne sine saker! Sikringsvollen har stått imot mange store flaumar, men når uvært Jacob herja hausten 2024, måtte deler av sikringstiltaket gje tapt for vassmassane. Det vart omfattande skadar.
Lærdal kommune ved landbrukskontoret, har saman med grunneigar og NVE, vorte samde om ein plan for restaurering av sikringsvollen i tråd med antikvariske prinsipp.
NVE har sett av midlar til å reparer sikringsvollen, som er sett på som eit viktig kulturminne hjå dei. Grunneigaren har samtykka til tiltaket og Lærdal kommune er byggherre og har ansvar for at tiltaket vert gjennomført på ein god måte.
Lærdal kommune er so langt svært godt nøgd med samarbeidet mellom grunneigar og NVE. Prosjektet er komme godt i gang og det vert spennande å sjå det endelege resultatet når arbeidet er ferdigstil. All honnør til arbeid som til no er utført!
Felles Landbrukskontor ÅLA