Farevarsel om flaumfare

Grunna store nedbørsmengder og snøsmelting har NVE sendt ut farevarsel om flaumfare.

NVE har sendt ut varsel om flaumfare dei komande dagane. Det er venta mykje nedbør og auka vassføring i elvar og bekkar. Situasjonen kan utvikla seg raskt lokalt. Farevarselet gjeld frå 25.05.

Råd til innbyggjarar og grunneigarar
•    Rydd stikkrenner, sluk, grøfter og kummar slik at vatnet får fri passasje 
•    Ver særleg merksam nær elvar, bekkar og bratte skråningar 
•    Unngå ferdsel i område med fare for erosjon, utgliding eller skred 
•    Følg med på kjellarar og andre utsette område dersom du tidlegare har hatt problem med vatninntrenging 
•    Sørg for at takrenner og avløp ikkje er tette 
•    Ha lommelykt, ladde mobiltelefonar og nødvendig utstyr tilgjengeleg ved eventuelle straumbrot 

Følg med på oppdaterte varsel
Oppdaterte varsel og informasjon finn du på:
•    Varsom.no – flaum- og jordskredvarsel 
•    Yr.no – vêrmeldingar og nedbørprognosar 

Ved akutt fare for liv og helse: ring 112.
Kommunen vil leggja ut oppdatert informasjon dersom situasjonen endrar seg.