Er du – eller kjenner du – ein omsorgsfull mann?

Er du også mellom 19 og 55 år som kunne passa til å jobba i helsesektoren kan dette vera noko å satsa på.

Mads Orheim - Klikk for stort bileteFylkeskoordinator for Menn i helse, Mads Orheim

Menn i helse er for den som har rett på oppfølging og tiltak frå Nav og ønskjer ei ny retning i arbeidslivet. Over 90 % av dei som har teke fagbrev gjennom Menn i helse i regionen er no i jobb!

Sjekk ut heimesida vår, og meld deg på infomøte ved å klikka på denne lenkja. Det er infomøte på Lærdal rådhus 26. januar kl. 0900 - 1030.

Ta kontakt med din Nav-rettleiar for meir informasjon om oppstart kull 2026.

Fylkeskoordinator Mads Orheim kan òg nåast på telefon 93 45 14 67 om det er spørsmål.

Meir om Menn i helse

Til kull 2025 var det rekordmange 1900 som var med på infomøta våre. I overkant av 1100 av desse vart intervjua og over 500 starta opp som helserekruttar. 150 kommunar er med, fordelte på følgjande 13 fylke: Agder, Akershus, Buskerud, Innlandet, Nordland, Oslo, Rogaland, Troms, Trøndelag, Telemark, Vestfold, Vestland og Østfold.

Trippel effekt

1. Rekruttering til helsesektoren. Prosjektet ser eit stort rekrutteringspotensial blant vaksne menn. Deltakarane har stor motivasjon med fagleg kvalitet, både teoretisk og praktisk.

2. Auka mangfald. Arbeidsgivarane ønskjer fleire menn i helse- og omsorgstenesta. Målet er at arbeidsstokken skal spegla brukargruppa. Når begge kjønn i større grad er representerte, vil det gjera tenesteytinga meir komplett og mangfaldig.

3. Tilbakeføring til arbeidslivet. Deltakarane går frå å vera ytingsmottakarar i NAV til sjølvstendig arbeid og igjen bli skattebetalarar i kommunane. 92 % av deltakarane som har teke fagbrev gjennom Menn i helse har ein relevant jobb dei kan leva av og får ikkje lenger ytingar frå NAV. Fleirtalet av desse har stått utanfor arbeidslivet i ein lengre periode. Det forsterkar måloppnåinga.