6.klasse skal selja sjølvlaga bollar til inntekt for Atlas-alliansen
Monica Hille
- Ta gjerne med kontantar, oppmodar kontaktlærar Monica Hille.
Denne veka nyttar 6.klassingane mat og helse-faget til å skaffa inntekter til TV-aksjonen.
- I dag har den eine gruppa baka, og i morgon føremiddag skal den andre gruppa gjera det same. Det blir kaker, bollar og kaffi dei sel til inntekt for Atlas-alliansen. Elevane har lært om kva Atlas-alliansen jobbar for i dag, fortel Hille tysdag ettermiddag.
Det blir også kake å få kjøpt onsdag og torsdag midt på dag denne veka
Monica Hille
Håpar mange tek turen
Sjølve TV-aksjonen som denne veka går av stabelen kan ein lesa meir om ved å klikka her. 6.klassingane ved Lærdalsøyri skule gjer altså sin innsats for å skaffa pengar til gode tiltak for menneske med nedsett funksjonsevne som lever i krig og fattigdom.
- So me håpar mange tek turen for å kjøpa bakverka me har laga, og gjerne snakkar med 6-klassingane våre. Elevane blir delte inn i tre grupper, så vil desse gruppene stå og selja utanfor Kiwi, Coop og rådhuset mellom klokka 12 og 14 onsdag og torsdag, seier Hille